Høyanger kyrkjelege fellesråd > Livsvegen > Gravferd

Når nokre av våre nærmaste dør

Når nokre av våre nærmaste dør, møter vi både kjenslemessige og praktiske utfordringar som vi må finne ut av. Og det å planlegge og gjennomføre ei gravferd, skjer som noko av det første. Dette kan opplevast krevjande i ein allereie tøff og vond situasjon. Andre gongar er det kanskje fint å få vere med og skape ei god ramme rundt avskjeden med eit liv som har vore langt og godt.

Om lag 90 % vel gravferdsseremoni i regi av Den norske kyrkje. I kyrkja streber vi å lage ei verdig ramme rundt avskjeden med den som er død. Saman med ein av kyrkjelyden sine prestar får du vere med å førebu gravferda og det blir gjeve rom til ei samtale rundt sorg, sakn og andre kjensler som melder seg når nokre av våre nærmaste dør.

Pårørande etter eit dødsfall blir anbefalt å ta tidleg kontakt med eit gravferdsbyrå. Byrået vil deretter finne forslag til dag for bisettinga/gravferda i samarbeid med kyrkjekontoret. Deretter vil den aktuelle presten ta kontakt med pårørande for ei samtale. Er du ansvarleg for ei gravferd og usikker på om du ynsker ein kyrkjeleg seremoni eller ikkje, er du velkommen til å ta kontakt med oss på kyrkjekontoret.


 

Les meir om kyrkjeleg gravferd på Den norske Kyrkja sine nettsider på kyrkja.no ved å klikke HER.

Tid og stad for planlagde gravferder i Høyanger kommune denne og komande veke finn du ved å klikke HER

 

Aktuelle gravferdsbyrå ved gravferd i Høyanger (alfabetisk):